• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
Start Life Exploring

Start Life Exploring

Nordic Cab Blogg

  • Nettbutikk
  • Inspirasjon
  • Ambassadører
  • Mat på bål
  • Råd og Tips
  • Om oss
    • Kontakt Nordic Cab

Når en får en liten unge i hus

7. juni 2022 av Nordic Cab

Nordic Cab med baby

Når en får liten ung i hus, så er plutselig (i det minte ein av) foreldra forplikta til å vere heime kvar kveld etter kl. 19. om ein ikkje har barnevakt, så må altså ein av foreldra vere heime.

Enn so challenge har dette gått heilt fint for oss. Når vi har hatt behov for det, har vi hatt barnevakt. Men i sommar snakka vi litt om at vi saknar å dra på dei koselige seine middagsbesøka til vennane våre. Ikkje kvar for oss, men begge to. «Kva med å legge Sivert i cab´en kl.19 i byen for i senga si, og så dra bort på middag» tenkte vi.

Vi har tidlegare testa det ut i den andre trille-vogna vår, utan hell. Der er han vand med å ha sine korte lurar på dagen, så det var akkurat som om at den vogna var absolutt ikkje til nattesøvn.

Ein liten ung som blir kjent med det nye soverommet sitt for kvelden

 

Ei god natt i Nordic Cab

Men cab´en er mykje større, og han kan like godt der. Sidan Sivert (enn so lenge) har vogna heilt for seg sjølv, er det ganske god plass der. Den kan kanskje difor minne litt meir om senga hans, tenkte vi. Vi var villige til å gje det eit forsøk. Om det skulle vere ein suksesse ville det jo gjje oss ganske mykje meir fridom på kveldane om vi skulle ha behov for det.

Vi rigga vogna om til «soverom». Vi la saueskinnet i bunn og puta, dyna og kosebamsen Suen var sjølvsagt også med. Når klokka nærma seg 19, var det tid for kveldsmat og kveldsstell. Pysjen vår på og vi la Sivert i cab´en. Først kan jeg ikke bruke så mye, og jeg kan bruke litt tid på å «bli kjent» med det midlertidige soverommet sitt.

Dette må vi gjenta

Menn for ein suksess!

Vi sykla inn til vennane våre, og han sovna på vegen. Vi åt ein betre middag og kosa oss. Og ingen lyd fra vogna, berre litt søt babysnorking. Når klokka nærma seg 23, sykla vi heim igjen og bærte han i sengen. Fantastisk! Dette må vi gjenta.

Se våre pakketilbud her.

Filed Under: Inspirasjon

Start Life Exploring - Nordic Cab Blog © 2022 · Designet og utviklet av Dyplink AS – www.dyplink.no